Omelett med skinke, ost og vårløk

Det er fleire grunner til at eg digger ein god omelett, men dei to hovegrunnane er; → Omelett passer til alle døgnets måltider! Frukost, lunsj, middag, turmat, kveldsmat, i matpakken. Litt ekstra luksus til frukost, og kanskje litt lettvint til middag, men det passer virkelig gjennom heile dagen og er like god kald som varm. → ALT kan tilsettast i ein omelett! Egg er naturligvis hovedingrediensen, så er det berre å bruke det ein har tilgjengelig og liker av ulike typer grønnsaker, oster, middagsrester, skinke, spekeskinke og anna type salt spekekjøtt, krydder, urter m. m. Ein kan bruke melk, fløyte, ein klatt kesam, rømme eller creme fraiche eller rett og slett berre lage den med egg. Å dele oppskrift på omelett blir litt som å dele oppskrift på ein salat; bruk det du liker og det du har! Her har eg laga ein variant med bogskinke, løk, vårløk og ost – enkel og veldig god.