

Annonse / innlegg i samarbeid med Kolonihagen God søndagsmorgen alle sammen! Julafta nærmer seg med stormskritt, og for nokre dager sidan las eg ein plass at 60% av Norges befolkning ete ribbe på julafta. For mange inkluderer ribbemiddagen også pinnekjøtt, medisterkake og/eller julepølse. Og det er vell ikkje akkurat ukjent for verken meg eller deg at det blir rester igjen etter julematen… Det er ofte så mykje mat igjen på bordet hos mange, at maten kunne metta dobbelt så mange personer. Restemiddag på 1. juledag eller 2. juledag er heilt toppers. Å lage noko nytt og spennande med restematen er også heilt toppers. For det er utrulig mykje godt ein kan bruke for eksempel ribberestane til, og idag skal eg dele tre digge oppskrifter med dokke, nettopp med fokus på ribberester 🙂 I dagens oppskrifter har eg brukt svineribbe frå Kolonihagen. I over 12 år har Kolonihagen levert økologiske, smakfulle råvarer, og dei har til og med utvikla sin egen produktserie hos Rema 1000 som dei kaller god smak med god samvittighet. Mat handler om meir enn å bli mett, og Kolonihagen jobber ikkje berre med økologi, men dei jobber etter øko+ prinsippet som betyr at maten også skal ha egenskaper som sporbarhet i heile verdikjeden, i tillegg til at produkta skal vere bærekraftige,etiske og bidra til god dyrevelferd. Kolonihagen lever for at god dyrevelferd gir dei beste produkta, uavhengig av kva type produkt det er snakk om. Dei har egne bønder: Heinrich, Kåre og Vidar, som er dei tre første grisebøndene i Norge som har fått Dyrevernmerket av Dyrevernalliansen. Grisane til Heinrich og Vidar får bu i hytter ute på jordet, dei får ligge i halmen og grave etter grønnsaker og røtter i åkeren. Grisane til Kåre får velge fritt om dei vil vere inne i fjøset eller oppholde seg ute. Nøkkelord for alle desse grisane er at dei har det bra, dei har god plass og frihet til å legge til rette for eit naturlig griseliv. Eg synes det er heilt fantastisk at Kolinohagen sine produkter blir meir og meir synlige i butikker rundt om i landet. Ein av mine lokale Rema 1000 butikker i Førde fekk inn svineribba for ei lita veke sidan, i midten av desember. Eg var kjapp med å sikre meg ei ribbe (men vit at den er å finne i frysedisken, ikkje ferskvaredisken! Eg leita og leita, men fant til slutt) 🙂 Så over til dagens tre oppskrifter som passer perfekt å lage med ribberester:
Som medlem får du full tilgang til alle oppskrifter, heilt reklamefri side og støtter arbeidet med å lage kvalitetsinnhold!
Ingen kommentarer enda. Vær den første til å dele dine tanker.