Annonse
16. oktober 2020
Saftige scones-rundstykker på 1-2-3!
Annonse Bremykt
God fredag alle sammen!
Har du lyst på noko ekstra godt og nybakt til helgefrukosten- eller lunsjen? Då kan eg anbefale desse saftige scones-rundstykka♥ Du rører sammen deiga på 1-2-3 og etter 20 minutt i ovnen er sconesa klar til servering 🙂
Du trenger, 6 store stk
1 boks, 300 g original kesam
1 dl melk
1 ss Bremykt, smelta
200 g sikta speltmjøl (eller kveitemjøl)
200 g sammalt speltmjøl (eller anna grovt mjøl)
1 stor ss bakepulver
1/2 ts salt
Slik gjer du:
1. Sett ovnen på 200 grader, over-undervarme. Bland sammen kesam, melk, smør, bakepulver og salt, deretter sikta og sammalt speltmjøl. Hold gjerne litt igjen på det sikta speltmjølet og juster til du får en jevn og deig.
2. Klapp deiga ut på kjøkkenbenken til eit lite rektangel med ca 2 cm tjukkelse. Del opp i 6 biter, og legg på eit steikebrett md bakepapir.
3. Pensle gjerne sconesa med litt vatn og ha over frø/kjerner/havregryn om det er ønskelig. Steik midt i ovnen i ca. 20 minutt, eller til sconesa er lett gylne på oversida og undersida. Avkjøl på rist.
Sconesa passer like godt til frukost som lunsj, i matpakken, som turmat eller som tilbehør til suppe/salater. Og uansett kva du bruker sconesa til, så høyrer det heime med eit lag med smør på 😉
Bremykt inneholder den smarte blandinga mellom meierismør og rapsolje, som gir Bremykt den gode smaken av meierismør, samtidig som rapsoljen gjer den mjukare i konsistensen så den blir lett å smøre ut. Derfor passer det godt både på brødskiva, rundstykka, knekkebrøda eller sconesa. Ikkje nok med det, Bremykt passer like godt til steiking, baking og til matlaging også 🙂 Det er med andre ord eit smør som kan brukast til alt!
Bremykt passer like godt med salt som søtt pålegg, og er supergodt å bruke i bunn og topp av en sandwich for eksempel:
Eit veit ikkje med dåkke, men eg er vokse opp med Bremykt som smør på bordet. Bremykt gir meg faktisk skikkelige barndomsminner, og opp igjennom åra har det alltid blitt brukt som smør på brødskiva 🙂 Eg føler meg ganske sikker på at vi er fleire i samme sko?!
Uansett, les gjerne meir om Bremykt her♥
Med det vil eg ønske dåkke alle ei riktig god helg, prøv gjerne desse scones-rundstykka til helgefrukosten!
Annonse
10 Kommentarer
Silje
27. juli 2021

Linda Stuhaug
28. juli 2021
Caroline
19. mai 2022

Linda Stuhaug
19. mai 2022
SNEZANA
6. mars 2022

Linda Stuhaug
6. mars 2022
Hanne
18. oktober 2020

Linda Stuhaug
18. oktober 2020
Hanne
23. oktober 2020

Linda Stuhaug
25. oktober 2020
SKRIV EN KOMMENTAR