Annonse
7. november 2018
Saftige speltscones med havre
God onsdag!
Kan eg friste med nokre saftige, skikkelig gode mini scones idag? Desse kan du bruke til det meste; frukost, matpakken, kveldsmat, turmat, tilbehør til suppe og salater, brød på koldtbordet/tapasbordet m.m. Virkelig enkle å lage, og ikjke minst så er dei ferdige på kort tid 🙂 Scones skal jo verken eltast eller hevast, så iløpet av ca. 30 minutter kan desse stå klare på bordet!
Du treng, 15-18 stk
1 boks, 300 g original kesam
1 dl melk
200 g havremjøl
200 g sikta speltmjøl
1 stor ss bakepulver
1/2 ts salt
Slik gjer du:
1. Sett ovnen på 200 grader, over-undervarme. Bland saman kesam, melk, bakepulver og salt, deretter havremjøl og speltmjøl. Hold gjerne litt igjen på speltmjølet og juster til du får en jevn og deig.
2. Bruk litt mjøl på benken og kjevle deiga ut til ca. 1,5 cm tjukkelse. Bruk eit glass (mitt glass var 6 cm i diameter) til å forme runde scones. Legg over på eit steikebrett med bakepapir.
3. Pensle gjerne sconesa med litt vatn og ha over frø/kjerner/havregryn om det er ønskelig. Steik midt i ovnen i 10-15 minutt, eller til sconesa er lett gylne på oversida og undersida. Pass på å ikkje steike for lenge – då blir dei tørre. Avkjøl på rist.
Sconesa er sjølvsagt aller best nystekte, men holder seg saftige eit par dager. Dei kan også fint frysast.
Tips og alternativer*
♦ Ønsker du å bruke andre tørrvarer kan du sjølvsagt det. Bytt ut speltmjølet med glutenfri mjøltype, og bruk glutenfritt havremjøl for glutenfri scones.
♦ Har du ikkje havremjøl? Det kan du fint lage sjølv ved å ha havregryn i en blendar eller foodprosessor.
♦ Tilsett gjerne litt ekstra frø/kjerner i deiga for ekstra smak og crunch.
♦ Kesam kan også byttast med rømme, creme fraiche eller anna meieriprodukt som tåler oppvarming.
Så godt, så enkelt. Får du plutselig lyst på fersk bakst er scones midt i blinken!
Noko å lage iløpet av veka – eller kanskje til helga igjen? 🙂
Velbekomme og nyt lillelørdagen!
*
Følg meg gjerne på instagram (lindastuhaug) for mykje sunn matinspirasjon og glimt av min kvardag. Deler du matbilder fra oppskriftene mine blir eg veldig glad om du bruker @lindastuhaug og #lindastuhaug på bildene, det er så kjekt å følge med! Daglig inspirasjon deler eg også på Facebook-sida mi som du kan følge HER.
Annonse
16 Kommentarer
Anne
9. november 2018
Linda Stuhaug
9. november 2018
Aina Brox Mathisen
8. november 2018
Linda Stuhaug
9. november 2018
Linn
8. november 2018
Linda Stuhaug
9. november 2018
Kajsa
7. november 2018
Linda Stuhaug
7. november 2018
Ingvill
25. mars 2019
Linda Stuhaug
25. mars 2019
May Jorun Hammer
26. juni 2019
Linda Stuhaug
26. juni 2019
Lisa Fjordtun
25. juni 2019
Linda Stuhaug
26. juni 2019
Dina
11. februar 2020
Linda Stuhaug
12. februar 2020
SKRIV EN KOMMENTAR