Annonse
12. november 2024
Slik lager du verdens beste graut – byggrynsgraut!
Dei som har fulgt meg på instagram lenge veit nok at eg er skikkelig, skikkelig glad i byggrynsgraut. Det er etter mi meining verdens beste graut, og eg kjøper støtt og stadig Fjordland sin variant som eg berre varmer i mikroen… Fordi det er lettvint, sunt og godt (består kun av byggryn, melk og salt, så ikkje noke dårligare alternativ enn heimelaga variant) 🙂
MEN, det er og utrulig enkelt å lage byggrynsgraut sjølv! Du trenger nettopp kun byggryn, melk og salt – og det er perfekt å lage opp ein stor kjele når du først er i gang. Grauten er like god å ete kald eller varme opp igjen dagane etterpå 🙂
Byggryn er den kornsorten det dyrkast mest av i Norge, og er eit kjempegodt, veldig sunt og næringsrikt kornslag som er veldig anvendelig. Ved å bruke byggryn i graut så får du ein graut med mykje meir konsistens sammenligna med risgraut eller havregraut. Anbefalast virkelig å prøve 🙂
Du trenger, 4-6 porsjoner:
♦ 4 dl byggryn
♦ 2 liter melk, helst heilmelk
♦ 1 ts salt
Slik gjer du:
1. Legg gjerne byggryn i vatn kvelden før, eventuelt på morgonen om du skal lage grauten på ettermiddag/kveld.
2. Hell av vatnet og kok opp grauten med melk.
3. La grauten småkoke i 30-40 minutt, til ein fyldig krema konsistens. Hugs å røre innimellom.
Voila – server byggrynsgrauten i ei skål med valgfri topping♥
Ingenting i veien for å halvere eller eventuelt doble oppskrifta, alt etter kor mykje du vil lage!
For min del er det ingenting anna enn smør, sukker/sukrin og kanel som blir brukt på varm graut, men liker du frukt, bær, nøtter, nøttesmør etc. så er det heilt supert å bruke det og.
Håper du er inspirert og har lyst å lage heimelaga byggrynsgraut du også 🙂 Og visst ikkje, så er Fjordland sin knallgod og veldig lettvint. Ein storfavoritt hos meg vertfall!
(PS! Innlegget først publisert 2.november 2021)
Annonse
14 Kommentarer
Nanna- Lill
15. januar 2022

Linda Stuhaug
16. januar 2022
Siren
29. november 2024

Linda Stuhaug
30. november 2024
Liselotte
1. april 2022

Linda Stuhaug
3. april 2022
Hildegunn Lirhus
21. mars 2022

Linda Stuhaug
21. mars 2022
Anonym
21. desember 2022

Linda Stuhaug
21. desember 2022
Julie
6. mars 2023

Linda Stuhaug
6. mars 2023
Karin
8. november 2023

Linda Stuhaug
14. november 2023
SKRIV EN KOMMENTAR