Annonse
Squashburger - knallgode og superenkle å lage!
Desse fantastisk gode SQUASHBURGERANE blei fjorårets favoritt hos både meg og mange av dåkke😍 Er du ein av dei som testa? Eller kanskje du fekk lyst no? Dei anbefalast vertfall skikkelig, superenkle å lage og nydelige på smak!
PS! Mange måter å variere desse på! Bruk gjerne ulike krydder, urter og oster. Har du en favoritt ingrediens eller vri, del gjerne med meg i kommentarfeltet :)
Til 12 stk:
• 2 store squash (700g)
• 2 egg
• 60 g havremjøl
• 100 g raspa ost (eg digger jarlsberg her!)
• Litt bladpersille, finhakka (kan sløyfast)
• 2 sjalottløk, finhakka (gløymte i filmen🙈)
• Eit godt dryss salt og pepper
• Eit dryss chiliflak (eller bruk andre krydder for litt ekstra smak)
• Smør til steiking
Framgangsmåte:
1. Rasp squashen på eit rivjern.
2. Ha squashen over i ein kjøkkenhanduk og knip ut væska. Det er meir enn du trur, så knip godt og lengre!
3. Vend så inn resten av ingrediensane.
4. Form til squashburgere mellom hendene og steik i smør på litt over middels varme på begge sider, til dei er godt gylne.
Server med ein god dipp eller dressing, med ein frisk salat og potetbåter, som grillmat med grilltilbehør, i pitabrød, wraps eller salat , på tapasbordet eller akkurat som du ønsker!
Velbekomme, håper det frister♥︎
⠀
Annonse
18 Kommentarer
Eli-Karin
21. september 2022

Linda Stuhaug
22. september 2022
Anne
18. august 2022

Linda Stuhaug
19. august 2022
Aasne
7. august 2022

Linda Stuhaug
7. august 2022
Sohu
17. april 2023

Linda Stuhaug
17. april 2023
Silje
18. september 2022

Linda Stuhaug
18. september 2022
BL
13. juni 2023

Linda Stuhaug
15. juni 2023
Linn
25. juli 2023

Linda Stuhaug
25. juli 2023
Per
20. august 2022

Linda Stuhaug
21. august 2022
Salmøy
4. august 2023

Linda Stuhaug
6. august 2023
SKRIV EN KOMMENTAR