Annonse
7. februar 2018
Sukkerfri, luftige fastelavensboller
Onsdag aka lillelørdag!
Og det nærma seg fastelavenssøndag… 😉 Det betyr at eg har lyst å dele oppskrift på sukkerfri, luftige fastelavensboller som ein kan lage visst ein vil eller må, enten idag eller til helga. Oppskrifta er cirka samme grunnoppskrift som eg har brukt på sukkerfri gjærdeig dei siste åra, og tilbakemeldingane er alltid like gode. Dei smaker jo som ekte vare, får eg støtt og stadig høyre. Og dei gjer faktisk det altså, desse er skremmande like ekte, sukkerholdig gjærbakst, og eg er sikker på at mange ikkje ville kjent forskjellen om du hadde servert dei 🙂
Bollane er ikkje berre sukkerfri, dei er også litt magrare då deler av smøret er bytta ut med kesam (som gir eit veldig saftig resultat!) og deler av mjølet er bytta ut med fiberfin. Fiberfin gjer baksten fiberrik uten at det går ut over smak og konsistens, men dette er ingen nødvendighet og kan fint erstattast med meir mjøl. Så velger du sjølv om du vil bruke speltmjøl eller kveitemjøl. Spelt krever litt meir hevetid, men bollane blir minst like gode, litt meir magevennlige og hakket meir næringsrike.
Fastelavensboller uten tilsatt sukker, 9-10 stk
75 g ekte smør*
2 dl melk*
1/2 pk tørrgjær
75 g kesam
50 g sukrin gold
20 g sukrin+
1 ss yaconsirup/ fibersirup/ sukrinsirup/ flytande honning
1-2 ts kardemomme
75 g fiberfin (kan erstattast med meir mjøl)
300-350 g sikta speltmjøl/kveitemjøl
Egg/melk/vatn til pensling
Slik gjer du:
1.Smelt smør og tilsett melk. La blandinga bli lunka, ca 40 grader før du visper inn gjæren. Rør inn kesam, sukrin gold, sukrin+, sirup/honning, kardemomme og kesam. Hell blandinga over i ei eltemaskin, du kan og elte for hand.
2. Tilsett fiberfin etterfulgt av litt og litt mjøl til deigen blir blank, smidig og lett slipper bollen. Det er bedre med litt for lite enn litt for mykje. La deiga elte på lav hastighet i eit par minutt.
3. Hev deiga under eit tørt kjøkkenhåndkle på en lun plass til dobbel størrelse. Dette tar 1- 1,5 time, alt etter kva mjøltype du bruker.
4. Sett steikeovnen på 200 grader og dekk ei steikeplate med bakepapir. Kna deiga opp og del i 9-10 like store biter som du triller til boller. La dei etterheve i 45-60 minutt.
5. Pensle overflata på bollene med piska egg/melk/vatn. Steik midt i ovnen til bollane har fått en gyllen farge, ca. 12-15 minutt. Avkjøl på rist og server med det fyllet du ønsker!
Tips og alternativer*
– For melkefri boller kan du bruke alternativ melk, 100 g melkefri margarin og droppe kesam.
– Sukrin+ og sukrin gold kan byttast med anna tilsvarande søtning for 100 g sukker. Anbefaler ikkje vanlig sukrin.
– Skal du lage glutenfri boller anbefaler eg å bruke ein tilpassa glutenfri oppskrift. Du vil ikkje få optimalt resultat av å bytte mjøl med glutenfritt mjøl i denne oppskrifta.
Bollane på bildet er servert med sukkerfritt jordbærsyltetøy + piska krem som er blanda med heimelaga vaniljekrem.
Oppskrift på sukkerfri (og verdens beste!) vaniljekrem finner du blant anna HER;
Kanskje det blir boller til helga? 🙂
Gi meg gjerne en tilbakemelding om du prøver!
Annonse
29 Kommentarer
Navin
3. oktober 2020
Linda Stuhaug
4. oktober 2020
Kine Kristoffersen
15. februar 2021
Linda Stuhaug
15. februar 2021
Elisabeth
3. mars 2019
Linda Stuhaug
4. mars 2019
Maria
2. mars 2019
Linda Stuhaug
4. mars 2019
Embla
3. mars 2019
Gørill
13. januar 2019
Linda Stuhaug
14. januar 2019
Christine
28. september 2019
Linda Stuhaug
29. september 2019
Eva
27. september 2019
Linda Stuhaug
29. september 2019
Tone
19. februar 2020
Linda Stuhaug
19. februar 2020
Marianne Tvedt
19. februar 2023
Linda Stuhaug
20. februar 2023
Hege V.T
26. februar 2018
Linda Stuhaug
27. februar 2018
Gørill
8. mars 2020
Linda Stuhaug
8. mars 2020
Amalie
24. februar 2020
Linda Stuhaug
25. februar 2020
Ingrid
22. februar 2020
Linda Stuhaug
22. februar 2020
Amalie
31. januar 2024
Linda Stuhaug
1. februar 2024
SKRIV EN KOMMENTAR