Annonse
10. oktober 2018
12 middager som er fine å fryse!
Hei onsdag!
For to veker sidan delte eg innlegget «12 middager du kan klargjere kvelden i forveien!» som blei tatt veldig godt imot. Eg spurte også om de hadde forslag til fleire lignande innlegg, og då var det fleire som ville ha middager som er fine å fryse. Idag har er derfor samla 12 middager som er heilt supre å ha liggande på lur i frysaren. Tenk å komme heim og kun fokusere på å varme opp den ferdige middagen – klart på null tid! Det er ganske så digg, er det ikkje?
Visst du allereie veit kvelden i forvegen at ettermiddagen blir hektisk, så ta gjerne opp middagsmaten og la den tine i kjøleskapet over natta. Eg synes alltid resultatet blir best då, og det går enda kjappare å få middagen på bordet. Men det går sjølvsagt an å tine/varme middagen fra fryst tilstand også 🙂
*
Heimelaga pizza – her søtpotepizza med garantert sprø søtpotetbunn – oppskrift her.
Heimelaga pizza, uansett kva type det er – er perfekt å fryse. Del opp i stykker og frys ned i bokser/pakk inn i matpapir. Varm opp igjen pizzaen i steikeovnen til den er gjennomvarm.
*
Heimelaga blomkålsuppe – oppskrift her.
Dei aller fleste supper er perfekt å fryse, og smaker like godt etter dei har vore fryst. Eg er litt forsiktig med å fryse supper med mykje biter (fiskesuppe, thaisuppe osv) – men supper som blomkålsuppe, tomatsuppe, gulrotsuppe, søtpotetsuppe og lignande (dei som er most med stavmiksar) synes eg er heilt toppers å varme opp igjen i en kjele etter frysing.
*
Grov middagspai med skinke og bacon – oppskrift her.
Ferdigstekt pai er heilt supert å fryse. Du kan enten fryse ned heile paiformen, eller fryse ned i porsjoner. Varm opp i steikeovnen til paien er gjennomvarm. Eg har fleire ulike oppskrifter på middagspai i arkivet, både med og uten kjøtt. Du finner alle her.
*
Grove pizzasnurrer med pesto, ost og skinke – oppskrift her.
Dette er absolutt min favorittoppskrift på pizzasnurrer/horn! Og desse på lik linje med andre lignande oppskrifter er heilt toppers å ha i frysaren for en kjapp middag. Kan etast kalde, men også varmast i mikrobølgeovn eller steikeovn.
*
Enkel lapskaus – oppskrift her.
Lapskaus er virkelig heilt supert å lage opp mykje av når ein først er i gang. Etter alle ingrediensane er i kjelen lager lapskausen seg sjølv, og det tar ikkje så mykje lengre tid å doble oppskrifta. Hugs det neste gang du lager lapskaus og frys ned restane i isboksar/matboksar, så varmer du opp i en kjele på medium varme ved middagstid.
*
Enkel skinkegrateng med pasta og brokkoli – oppskrift her.
Dei fleste gratenger er også fine å fryse! Her er kun eit eksempel på oppskrift. Knallgod grateng for heile familien 🙂 Varm opp i steikeovn til den er gjennomvarm.
*
Heimelaga fiskekaker – her servert i kvit saus – oppskrift her.
Fiskekaker er supert å lage opp mange og fryse ned etter steiking. Det finnes jo utrulig mange måter å servere fiskekaker på, og kan gjennomvarmast både i steikepanna, i steikeovnen eller i sausen.
*
Enkle, grove pizzahorn med ost&skinke – oppskrift her.
Pizzahorn er supre å fryse! Treng ikkje varmast før servering, men om du ønsker det: varm opp forsiktig imkikrobølgeovn eller steikovn.
*
Hjortekarbonader – oppskrift her.
Heimelaga karbonader/kjøttkaker kan fint frysast og varmast på steikepanna, i steikeovnen eller eventuelt i ein saus. Det finnes mange ulike måter å servere hjortekarbonader på, her har eg servert med stekt løk, potetbåter og kvitløkskrem.
*
Heimelaga fiskegrateng – her med potet framfor pasta – oppskrift her.
Om du lager fiskegratengen din sjølv, lag opp en ekstra form når du først er i gang. Du kan enten fryse ned heile formen, eller sjølvsagt i porsjoner. Varm opp i steikeovnen til den er gjennomvarm før servering.
*
Heimelaga lompelasagne – oppskrift her.
Lasagne er vell noko av det diggaste å ha i frysaren til en kjapp middag! Her også kan du både fryse ned heile formen, eller fryse ned i porsjoner. Varm opp i steikeovnen og lag en frisk salat i mellomtida.
*
Knallgod lammegryte – oppskrift her.
Det er også mange gryter som er like gode etter frysing. Varm opp i en kjele på medium varme, og lag klart tilbehøret i mellomtida.
Så, la oss ta en oppsummering!
1. Heimelaga pizza – her søtpotepizza med garantert sprø søtpotetbunn – oppskrift her.
2. Heimelaga blomkålsuppe – oppskrift her.
3. Grov middagspai med skinke og bacon – oppskrift her.
4. Grove pizzasnurrer med pesto, ost og skinke – oppskrift her.
5. Enkel lapskaus – oppskrift her.
6. Enkel skinkegrateng med pasta og brokkoli – oppskrift her.
7. Heimelaga fiskekaker – her servert i kvit saus – oppskrift her.
8. Enkle, grove pizzahorn med ost&skinke – oppskrift her.
9. Hjortekarbonader – oppskrift her.
10. Heimelaga fiskegrateng – her med potet framfor pasta – oppskrift her.
11. Heimelaga lompelasagne – oppskrift her.
12. Knallgod lammegryte – oppskrift her.
Håper du er inspirert! Kom gjerne med tips til middager som du pleier å fryse ned, eller kom med forslag til fleire temainnlegg som gjer en hektisk kvardag hakket enklare 🙂 Neste veke tenker eg å ha fokus på frukost eller lunsj. Kvardagsfrukoster du kan klargjere kvelden før, kanskje?
Annonse
10 Kommentarer
Maria
10. oktober 2018

Linda Stuhaug
11. oktober 2018
Ingrid
10. oktober 2018

Linda Stuhaug
11. oktober 2018
Ida
10. oktober 2018

Linda Stuhaug
11. oktober 2018
Ida Sofie
12. oktober 2018

Linda Stuhaug
14. oktober 2018
Eva
3. mai 2021

Linda Stuhaug
3. mai 2021
SKRIV EN KOMMENTAR