Linda Stuhaug

Annonse

15. april 2019

Sukkerfri, saftige solskinnsboller

Sukkerfri, saftige solskinnsboller
God mandag!
Eg vil tru det er mange som allerede har tatt påskeferie? Eg jobber som sagt til onsdag før eg tar nokre dager påskefri, og det blir godt!
Men før den tid tenkte eg å dele oppskrift på blant anna sukkerfri solskinnsboller. Eg har fått fleire spørsmål om eg kan dele oppskrift på sukkerfri, saftige og luftige boller som ein kan ta med på påsketuren, på hytta eller ha til kaffikoppen i solveggen. Det er klart eg kan!
Valget falt på solskinnsboller, men bruk gjerne gjærdeiga som grunnoppskrift og lag andre typar bollar, som skillings­bollar, skulebollar, sjokoladebollar, rosinbollar eller bollekake 🙂
Opppskrifta er henta fra boka miOPPTUR MED SUNN MAT, men det er samme grunnoppskrift som du finner på bloggen fra før i ulike bollevarianter 🙂 Alle foto her i innlegget er tatt av superfotograftJon Marius Nilsson!
Sukkerfri boller med litt meir fiber (ved bruk av fiberfin). Du bestemmer sjølv om du vil bruke speltmjøl eller kveitemjøl – min mage tåler bedre speltmjøl 🙂
Bolledeig, ca. 20 stk 100 g smør 4 dl melk 150 g kesam 1 pk tørrgjær 100 g sukrin+ 2 ss fibersirup gold eller honning 2-3 ts kardemomme 150 g fiberfin (kan byttast med meir speltmjøl/kveitemjøl) 600–700 g fint speltmjøl eller kveitemjøl
Fyll smør, romtemperert sukrin+ og/eller Sukrin Gold kanel
Vaniljekrem Oppskrift under
Slik gjer du: 1. Smelt smør og tilsett melk. La blandinga bli lunken, ca. 40 grader, før du vispar inn tørrgjær. Tilsett deretter Sukrin+, fibersirup/ honning, kardemomme og kesam. Bland godt.
2. Tilsett Fiberfin etterfølgt av litt og litt speltmjøl til deigen blir blank, smidig og lett slepper bollen. Det er betre med litt for lite enn litt for mykje. Elt deigen med kjøkkenmaskin på lav hastighet i ca. 5 minutt.
3. Hev deigen under eit kjøkkenhandkle på ein lun plass til dobbel størrelse, ca. 1–2 timar, alt etter temperatur og kva mjøl du bruker. I mellomtida kan du lage vaniljekrem.
4. Sett steikeovnen på 200 grader over­ undervarme og legg bake­papir på to steikebrett. Kjevle deiga til eit rektangel, ha over smør, Sukrin+ og/eller Sukrin Gold og kanel. Rull saman og skjer i passelege bitar. La bollane etterheve på steikebrettet i ca. 40–60 minutt.
5. Press ei grop i midten av bollane og fyll den med vaniljekrem. Deretter penslar du overflata med lettpiska egg. Steik midt i ovnen til ein gyllen farge, ca. 12–15 minutt. Avkjøl på rist.
6. Lag gjerne melisglasur av sukrinmelis og vatn, eventuelt sukrinmelis og fibersirup clear for betre smak og konsistens. Ha over bollane før servering.
Vaniljekrem 5 dl melk 3 eggeplommer 40 g sukrin+ 2 vaniljestenger 35 g maisenna
Slik gjer du: 1. Ha melk i ein kjele med sukrin+. Del vaniljestengene på langs, skrap ut frøa og ha både dei og stengene i melkeblandinga. Kok opp på svak varme under omrøring, sett deretter til side i 10 minutt. Ta deretter vaniljestengene ut av melkeblandinga.
2. Rør eggeplommer og maisenna klumpfritt i ein bolle. Pisk inn ein tredel av den varme melkeblandinga i bollen, før du heller alt tilbake i kjelen.
3. Kok opp melkeblandinga på nytt på svak varme under omrøring. Trekk til side når den når kokepunktet, då vil den også tjukne. Hell over i ein bolle og avkjøl.
Vaniljekremen er verdens beste (!) og den passer sjølvsagt til alle andre oppskrifter der du bruker vaniljekrem. Eventuelt som tilbehør til frukt & bær♥
Håper bollane ser fristande ut! Desse har fått ein stor tommel opp av mange allerede, og det er ingen tvil om at sukkerfri boller også kan vere suksess hos både store og små 🙂
Nyt mandagen og det fine været!

God mandag!

Eg vil tru det er mange som allerede har tatt påskeferie? Eg jobber som sagt til onsdag før eg tar nokre dager påskefri, og det blir godt!

Men før den tid tenkte eg å dele oppskrift på blant anna sukkerfri solskinnsboller. Eg har fått fleire spørsmål om eg kan dele oppskrift på sukkerfri, saftige og luftige boller som ein kan ta med på påsketuren, på hytta eller ha til kaffikoppen i solveggen. Det er klart eg kan!

Valget falt på solskinnsboller, men bruk gjerne gjærdeiga som grunnoppskrift og lag andre typar bollar, som skillings­bollar, skulebollar, sjokoladebollar, rosinbollar eller bollekake 🙂

Opppskrifta er henta fra boka mi OPPTUR MED SUNN MAT, men det er samme grunnoppskrift som du finner på bloggen fra før i ulike bollevarianter 🙂 Alle foto her i innlegget er tatt av superfotograft Jon Marius Nilsson!

Sukkerfri boller med litt meir fiber (ved bruk av fiberfin). Du bestemmer sjølv om du vil bruke speltmjøl eller kveitemjøl – min mage tåler bedre speltmjøl 🙂

Bolledeig, ca. 20 stk
100 g smør
4 dl melk
150 g kesam
1 pk tørrgjær
100 g sukrin+
2 ss fibersirup gold eller honning
2-3 ts kardemomme
150 g fiberfin (kan byttast med meir speltmjøl/kveitemjøl)
600–700 g fint speltmjøl eller kveitemjøl

Fyll
smør, romtemperert
sukrin+ og/eller Sukrin Gold
kanel

Vaniljekrem
Oppskrift under

Slik gjer du:
1. Smelt smør og tilsett melk. La blandinga bli lunken, ca. 40 grader, før du vispar inn tørrgjær. Tilsett deretter Sukrin+, fibersirup/ honning, kardemomme og kesam. Bland godt.

2. Tilsett Fiberfin etterfølgt av litt og litt speltmjøl til deigen blir blank, smidig og lett slepper bollen. Det er betre med litt for lite enn litt for mykje. Elt deigen med kjøkkenmaskin på lav hastighet i ca. 5 minutt.

3. Hev deigen under eit kjøkkenhandkle på ein lun plass til dobbel størrelse, ca. 1–2 timar, alt etter temperatur og kva mjøl du bruker. I mellomtida kan du lage vaniljekrem.

4. Sett steikeovnen på 200 grader over­ undervarme og legg bake­papir på to steikebrett. Kjevle deiga til eit rektangel, ha over smør, Sukrin+ og/eller Sukrin Gold og kanel. Rull saman og skjer i passelege bitar. La bollane etterheve på steikebrettet i ca. 40–60 minutt.

5. Press ei grop i midten av bollane og fyll den med vaniljekrem. Deretter penslar du overflata med lettpiska egg. Steik midt i ovnen til ein gyllen farge, ca. 12–15 minutt. Avkjøl på rist.

6. Lag gjerne melisglasur av sukrinmelis og vatn, eventuelt sukrinmelis og fibersirup clear for betre smak og konsistens. Ha over bollane før servering.

Vaniljekrem
5 dl melk
3 eggeplommer
40 g sukrin+
2 vaniljestenger
35 g maisenna

Slik gjer du:
1. Ha melk i ein kjele med sukrin+. Del vaniljestengene på langs, skrap ut frøa og ha både dei og stengene i melkeblandinga. Kok opp på svak varme under omrøring, sett deretter til side i 10 minutt. Ta deretter vaniljestengene ut av melkeblandinga.

2. Rør eggeplommer og maisenna klumpfritt i ein bolle. Pisk inn ein tredel av den varme melkeblandinga i bollen, før du heller alt tilbake i kjelen.

3. Kok opp melkeblandinga på nytt på svak varme under omrøring. Trekk til side når den når kokepunktet, då vil den også tjukne. Hell over i ein bolle og avkjøl.

Vaniljekremen er verdens beste (!) og den passer sjølvsagt til alle andre oppskrifter der du bruker vaniljekrem. Eventuelt som tilbehør til frukt & bær♥

Håper bollane ser fristande ut! Desse har fått ein stor tommel opp av mange allerede, og det er ingen tvil om at sukkerfri boller også kan vere suksess hos både store og små 🙂

Nyt mandagen og det fine været!

Annonse

69 Kommentarer

S

Sarah

26. september 2020

De er kjempegode! Men hver gang jeg lager de, sprekker de på hele overflaten. (hvis jeg lager vanlige eller skoleboller). Følger oppskrift, vet du hva som kan være feil?

Linda Stuhaug

28. september 2020

Det høyres ut som bollane burde heve litt lengre 🙂

M

Malin

21. juni 2020

Hvilken kjøkkenmaskin har du?

Linda Stuhaug

22. juni 2020

Eg har ikkje kjøkkenmaskin. Eg har tidligare brukt mamma sin (som til denne oppskrifta) som er sikkert 30 år gammal… 🙂

T

Tone

12. mai 2021

Du sier du ikke anbefaler sukrin i oppskriftene, Men Sukrin+ som du bruker er vel sukrin og steviapulver? Kan jeg «gjøre om» den sukrinen jeg har til sukrin+ ved å tilsette steviapulver og blande godt?

Linda Stuhaug

12. mai 2021

Hei! Nja, det vil ikkje blir heilt det samme. For sukrin+ er Sukrin og stevia som er smelta sammen, så den får ein litt anna effekt. Du kan no alltids prøve, men eg vil generelt ikkje anbefale Sukrin – blant anna fordi det og «tynger» baksten 🙂 https://www.lindastuhaug.no/2017/10/05/kva-er-egentlig-forskjellen-mellom-dei-ulike-sukrin-variantane-har-du-min-guide/

b

brith

24. april 2019

Kan jeg bruke annen type mel for eksempel mandelmel?

Linda Stuhaug

25. april 2019

Det vil nok ikkje bli noko suksess, dessverre :/

F

F

23. april 2019

Hvis jeg bytter ut vaniljestenger med rent vaniljepulver, hvor mye tror du ca. jeg trenger til vaniljekremen da? 🙂 Disse skal lages til helgen!

Linda Stuhaug

24. april 2019

1/2-1 ts. Men vær obs på at vaniljepulver vil gi en «grålig» farge på vaniljekremen 🙂

O

Oda

15. april 2019

Kan man bruke sukrinmelis? Og hvordan blir disse uten kjøkkenmaskin tror du?

M

Marit Lien Hove

19. april 2019

Har du rekna noe på kalorier i desse bollene?

Linda Stuhaug

22. april 2019

Eg har vertfall ikkje 🙂

Linda Stuhaug

16. april 2019

Sukrinmelis i deiga tenker du på? Det skal gå fint – men hugs å doble mengden 🙂 Kan lagast uten eltemaskin, men du må elte ei stund for hand.

O

Oda

17. april 2019

Takk, ja det var det jeg lurte på ! 🙂

Linda Stuhaug

17. april 2019

🙂

S

Sigrid

6. mars 2021

Hei, prøver å bake disse bollene for første gang nå og har allerede brukt vanlig sukrin, siden jeg ikke fikk tak i sukrin +. Hva er årsaken til at du virkelig ikke anbefaler å bruke dette søtningsmiddelet og heller sukrin gold f.eks?

Linda Stuhaug

7. mars 2021

https://www.lindastuhaug.no/2017/10/05/kva-er-egentlig-forskjellen-mellom-dei-ulike-sukrin-variantane-har-du-min-guide/ 🙂 Les denne!

J

Juliane

20. februar 2021

Trur du at man kan bruke proteinpudding med vanilje eller sjokoladesmak som kremen/fyllet?

Linda Stuhaug

21. februar 2021

Det ville eg nok ikkje brukt sjølv. Trur ikkje denne egner seg så godt til oppvarming. Men du på gjerne prøve 🙂

L

Laila

31. januar 2021

Hei Kan en bruke havrefiber i stedet for fiberfin?

Linda Stuhaug

1. februar 2021

Det går heilt sikkert fint 🙂

A

AnnBerit

3. oktober 2019

Kan man bruke sukrin gold?

Linda Stuhaug

4. oktober 2019

Ja.

R

Renate

24. juni 2019

Hva kan jeg bruke i stedet for Kesam? Jeg må ha laktosefritt, og den finnes ikke uten laktose. Rømme og Creme fraiche finnes i laktosefrie, er de et alternativ?

Linda Stuhaug

24. juni 2019

Hei 😀 Ja, du kan fint bruke rømme eller creme fraiche i laktosefri variant. Håper bollane smaker <3

V

Vigdis

22. juni 2021

Hei. Har så lyst å bake disse Jeg har diabetes, kan jeg bytte ut noe av hvetemelet med noe annet mel?

Linda Stuhaug

23. juni 2021

Du kan supplere med litt grovere mjøl, men resultatet blir naturligvis deretter 🙂

V

Vigdis

23. juni 2021

Takk for svar Kanskje jeg heller skal prøve de sukkerfrie og sunne skolebollene !

Linda Stuhaug

24. juni 2021

Ja, deiga er nokolunde lik på begge to! Men eit tips er å bruke fiberfin i oppskrifta, det gir mykje fiber uten å gå ut over konsistens 🙂

R

Rebecka

22. april 2024

Hva er fiberfin?

Linda Stuhaug

23. april 2024

En type fibermel. Du trenger ikkje bruke det :)

H

Hanna

6. februar 2020

Hei! Dette ser kjempegodt ut! Eg lurte på om det var mogleg å byte ut smør med noko anna i denne oppskrifta? Eit «endå litt» sunnere alternativ? Eller kan ein sløyfe det? 🙂

Linda Stuhaug

7. februar 2020

Hei! Eg har allerede kutta på smøret og erstatta det med kesam. Litt smør må du bruke, men du kan evt prøve å halvere mengden og bruke litt meir kesam. Men kan ikkje garantere deg suksess ved å gjere det 🙂

A

Amalie

23. januar 2020

Fungerer det med vanlig sukrin? Veldig lyst til å prøve i helga, men får ikke tak i sukrin+☺️

Linda Stuhaug

24. januar 2020

Eg anbefaler virkelig ikkje vanlig sukrin. Då er sukrin gold bedre 🙂

L

Lotte

23. januar 2020

Hei! Denne skal prøves nå! 😀 kan jeg bruke naturell laktosefri yoghurt?

Linda Stuhaug

23. januar 2020

Då ville eg heller brukt laktosefri rømme eller creme fraiche 🙂

M

Malin

20. januar 2020

Hei, Kan man bruke naturell yoghurt istedet for kesam?

Linda Stuhaug

21. januar 2020

Det går nok fint så lenge det ikkje er ein veldig mager yoghurt – minst 8% fett 🙂

E

Eilen

19. januar 2020

Hei! Kan man bruke en annen søtning i vaniljekremen enn sukrin+?

Linda Stuhaug

19. januar 2020

Hei! Ja, det kan du 🙂 Eg har ofte laga den med sukrin gold også. Ellers kan du bruke det du liker/har tilgjengelig, så lenge det tilsvarer samme mengde søtning (sukrin+ er jo dobbelt så søtt som sukker, sukrin gold o.l) 🙂

S

Sofia

10. november 2019

Hei, disse skal jeg prøve å lage idagKan jeg bruke fibramel istedenfor Speltmel?

Linda Stuhaug

11. november 2019

Du kan det, men bollane vil nok ikkje bli like luftige og saftige 🙂

K

Katrine

7. juni 2024

Hei. Kan eg bruke sukrin mel i bollene???

K

Katrine

10. juni 2024

Mener sukrin melis

Linda Stuhaug

11. juni 2024

ja, men du får Ikkje heilt samme resultatet😊

Linda Stuhaug

9. juni 2024

Sukrin mel? Kva er det?

I

Ida

17. august 2022

Hei! Tror du det fungerer å bytte ut Sukrin+ med Finesse bakesukker? For øvrig har du en utrolig fin blogg med masse gode oppskrifter!

Linda Stuhaug

17. august 2022

Hei! Jepp, du kan alltid bytte sukrin+ med finesse😃 takk!!

G

Greta

26. april 2023

Takk for oppskrift. Skal prøve å lage disse i helgen. Nå har jeg havrefiber og finesse bakesukker i kjøkkenskapet. Skal jeg bruke samne mengde som du har oppgitt, eller øke/minke? Vet at finesse smaker dobbelt så søtt som vanlig sukker...

Linda Stuhaug

26. april 2023

Hei! Så kjekt du vil bake desse😃 Finesse er like søtt som sukrin+, så då kan du bruke samme mengde. Håper det smaker!

S

Sandra

20. april 2020

Hvis jeg bruker vanlig sukrin.. hvor mye trenger jeg til kremen?

Linda Stuhaug

21. april 2020

Eg anbefaler deg virkelig ikkje å bruke vanlig sukrin. Vertfall ikkje til bollane 😉 Men uansenn, 40g sukrin+ er ca. 90-100 g sukrin.

h

hege

29. mars 2020

kan jeg bytte ut sukrin med honning, og må jeg evt halvere da til 50g siden honning er såppas søtt??

Linda Stuhaug

29. mars 2020

No eg eg usikker på kva du meina her? Vil du KUN bruke honning? Det blir isåfall 200 g, for sukrin+ er dobbelt så søtt som honning. Eg trur ikkje det blir noko knakande suksess om du baker bollane med kun honning altså, men kan hende eg tar feil 🙂 Gi gjerne en tilbakemelding om du prøver!

A

Anita

28. mars 2020

Har du annet alternativ til sukrin melis?Syntes det smaker så kjemisk… Men ellers nydlige oppskrift!

Linda Stuhaug

28. mars 2020

Ikkje sukkerfritt alternativ til melis, nei.

I

Ida

26. mars 2020

_elsker_ oppskriften din på vaniljekrem!! Jeg lurte på hva som egentlig er forskjellen på Fiberfin og Maizena? Hvis jeg har skjønt det rett så er begge dele bare maisstivelse? Likevel er jo næringsinnholdet ganske forskjellig, så da ble jeg ganske forvirra 😡

Linda Stuhaug

27. mars 2020

Hei! Haha, fort gjort 😉 Forskjellen er veldig stor i egenskaper og bruksområder. Fiberfin brukast istedenfor deler av mjøl i en oppskrift for å få det fiberrikt, for eksempel 20% av mjøl i ein bolleoppskrift. Då blir bollane fiberrike uten at det kjennes på smaken, slik som her 🙂 Maizena er eit fortjukningsmiddel til å for eksempel tjukne sauser, supper og gryter. Så veldig ulike bruksområder, må ikkje finne på å blande desse to, hehe 🙂 Håper det var oppklarande!

I

Ida

27. mars 2020

Skjønner! Tusen takk for svar <3

Linda Stuhaug

28. mars 2020

<3

I

Ida

26. mars 2020

Oi det skulle ikke være en sånn sinna-emoji der

V

Viktoria

19. mars 2020

Kan man bruke glutenfritt havremel?

Linda Stuhaug

19. mars 2020

Det vil ikkje bli noko suksess. Skal du bake glutenfritt: bruk tilpassa glutenfri oppskrift 🙂

t

therese

8. desember 2020

Må starte med og si at du er et godt forbilde, og jeg digger oppskriftene dine!! ❤️Men i melisen er dt mulig og bruke sukrin sirup gold? Siden clear er ute av produksjon.

Linda Stuhaug

9. desember 2020

Tusen takk, Therese! Så hyggelig å lese <3 Eg ville kanskje ikkje personlig brukt sukinsirup gold i glasuren, men du må absolutt berre prøve 🙂 Er mulig den blir litt "brunlig" i fargen 🙂

H

Helene

18. november 2020

Hvis jeg bytter ut sukrin+ med sukrin gold, skal jeg doble mengden da?:)

Linda Stuhaug

18. november 2020

Ja og ja 🙂

SKRIV EN KOMMENTAR

Nyaste innlegg