Annonse
29. oktober 2018
Enkel gresskarsuppe
Hei!
Det er halloween-veke som nesten er synonymt med gresskar-veke i heimane. På butikkane bugner det over av ulike typer gresskar til ein relativt billig kilopris, og det er jo heilt topp når gresskar er fantastisk å bruke i matlaging. Kvart einaste år lager eg gresskarsuppe i oktober måned, og gjerne litt andre oppskrifter med gresskarkjøttet. Det er heilt supert å bruke kokt eller stekt i gryteretter, stuinger, pai – og gresskarmos kan brukast i bakst, pannekaker eller vafler på samme måte som søtpotet, banan og kesam. Nydelig! Søk på «gresskar» i søkefeltet eller klikk HER og du får opp forskjellige oppskrifter 🙂
Kva type gresskar du bruker har absolutt mykje å sei for resultatet på denne suppa og generelt andre oppskrifter med gresskar. Det store, flotte Halloweengresskaret er best egna til pynt. Fruktkjøttet kan etast, men er ikkje veldig smakfullt. Mitt favorittgresskar er definitivt Butternutgresskar. Det er lyst og pæreforma, og gir en utrulig god smak. I år har eg ikkje funne butternutgresskar på butikken, og brukte derfor Hokkaidogresskar istedenfor. Ikkje like godt som Butternut, men absolutt innafor det også 🙂 Sjå bilder og les meir om dei ulike typane gresskar HER.
Gresskarsuppe, 4-5 personer
1 løk
2 fedd kvitløk
800 g gresskarkjøtt
200 g gulrot
10-12 dl grønnsakskraft (evt. kyllingkraft eller utblanda grønnsaks- eller kyllingbuljong)
2-3 dl matfløyte
salt og pepper (evt. andre krydder)
1-2 ss smør eller olje til steiking
Slik gjer du:
1. Skrell gresskar og gulerøtter, del i jevnstore biter.
2. Varm smør eller olje i en kjele. Steik hakka løk og kvitløk til løken er blank. Tilsett kraft/buljong, gresskar, gulerøtter, kok opp og la det småkoke til bitane er møre.
3. Kjør suppa glatt med stavmiksar. Tilsett matfløyte og smak til med salt og pepper. Juster eventuelt suppa med litt meir væske.
4. Server med valgfritt tilbehør/topping! Eg har brukt rista gresskarkjerner og det er fantastisk godt 🙂
Rista gresskarkjerner:
ca. 100 g gresskarkjerner
1-2 ts olje/smør
maldonsalt
Slik gjer du:
Varm opp olje/smør i en steikepanne, bruk litt over middels varme. Tilsett gresskarkjernene og la det riste til gresskarkjernene begynner å poppe. Tilsett maldonsalt, rør godt og la gresskarkjernene avkjøle seg på bakepapir. Oppbevares i glass.
Tips/alternativer
– Det er jo kjøttfri mandag – men eg vil berre få fram at suppa gjerne kan lagast med kyllingkraft (det er fantastisk godt) eller naturligvis utblanda buljong til 12 dl vatn dersom du ikkje har kraft.
– For vegansk/melkefri suppe: bruk olje og erstatt matfløyte med melkefri fløyte eller kokosmelk (ikkje light).
– Ikkje kast frøa i gresskaret! Desse kan du riste på samme måte som overnevnte gresskarkjerner, og brukast som topping på suppa.
– Suppe igjen? Den kan fint frysast!
Det er kaldt i lufta og ei varm skål med suppe passer perfekt som kvardagsmiddag for heile familien♥
Har du kanskje en oppskrift eller to du pleier å lage med gresskar? Del gjerne tips i kommentarfeltet 😀
Annonse
12 Kommentarer
Veronika
30. oktober 2018

Linda Stuhaug
31. oktober 2018
Ingvild
13. februar 2021

Linda Stuhaug
14. februar 2021
Ingvild
20. februar 2021

Linda Stuhaug
21. februar 2021
Tina
17. oktober 2021

Linda Stuhaug
18. oktober 2021
Tina
18. oktober 2021

Linda Stuhaug
19. oktober 2021
Tobbe
8. november 2019

Linda Stuhaug
11. november 2019
SKRIV EN KOMMENTAR