Annonse
4. oktober 2018
Enkle, grove pizzahorn

God torsdag!
Høyres det ikkje godt ut med nybakte, grove pizzahorn med ost og skinke? Vi nærmer oss helga med stormskritt, så kanskje dette kan friste å lage? 🙂 Dette er ei enkel og grei oppskrift som som du naturligvis kan fylle med det du ønsker, ost & skinke er ein sikker vinner for både store og små – men her er det mykje anna godt som kan brukast også 🙂

Pizzahorn passer like godt til kvardagsmiddag som helgemiddag, lunsj eller matpakken, turmat eller kveldsmat 🙂 Lag gjerne en stor porsjon når du først er i gang, dei er nemlig supre å fryse og deretter ta opp til ein seinare anledning!

Du treng, 16 stk (store)*
100 g smør
6 dl melk
1,5 pk tørrgjær
1 ts salt
2 ts sukker/honning
350 g havremjøl
400-450 g sikta speltmjøl/kveitemjøl
Fyll:
Pizzasaus, ketchup eller lignande
Revet eller skiva ost
1 boks bogskinke (ca. 350 g)
Gjerne litt pizzakrydder
(PS! Deiga er veldig enkel å jobbe med!!!)

Slik gjer du:
1. Smelt smør, tilsett melk og varm blandinga til den er ca. 37 °C. Visp inn gjær, salt og sukker/honning.
2. Ha blandinga over i en eltemaskin og tilsett havremjøl, deretter litt og litt speltmjøl til en glatt og fin deig. Må du bruke litt meir mjøl, så gjer du det. La deiga elte i 5-10 minutt. Sett deiga til heving og hev til dobbel størrelse, ca. 1 time.
3. Del deiga i to og kjevle ut til to runde leiver. Bruk litt mjøl på benken og snu gjerne deiga underveis, så du er sikker på den ikkje henger fast i benken.
4. Bruk en pizzaskjærer og del opp i åtte trekanter. Smør på pizzasaus/ketchup, skinke og ost i midten av trekanten. Topp gjerne med litt krydder, eg brukte dolly dimples pizzakrydder. Start å rulle kvar trekant fra den breiaste delen først.
5. Legg pizzahorna på eit steikebrett med bakepapir. Du treng to steikebrett til denne oppskrifta (eit brett pr. runde leive med 8 stk). Sett ovnen på 200 grader. La horna etterheve i ca. 30 minutt med eit kjøkkenhandkle over.
6. Pensle pizzahorna med egg (evt. melk/vatn) og dryss gjerne over litt valmuefrø/havregryn. Steik midt i ovnen i 15-20 minutt, eller til pizzahorna er gylne. Avkjøl på rist.

Tips og alternativer*
♦ Du kan bytte ut havremjøl med sammalt speltmjøl/kveitemjøl eller anna grov mjøltype.
♦ Bruk sjølvsagt det fyllet du ønsker! Bytt ut pizzasaus med grønn pesto, bruk kjøttfyll, tacokjøttdeig, bytt skinke med pølsebiter, lag en vegetarvariant… Her er mange muligheter, så det er berre å bruke fantasien 🙂

Eg serverte ferske pizzahorn til middag med ein frisk salat & fetaost. Nydelig!

Restane blei med i matpakken dagen etterpå. Like gode kalde som varme♥

Eg har laga desse i fleire varianter allerede, så det kjem en ny vri iløpet av kort tid!

I mellomtida håper eg at desse pizzahorna frister 😀 Vi går mot høstferie for resten av landet, ein bakedag inne er jo heilt supert sammen med ungane visst været ikkje er tipp topp!
Følg meg gjerne på instagram (lindastuhaug) for mykje sunn matinspirasjon og glimt av min kvardag. Daglig inspirasjon deler eg også på Facebook-sida mi som du kan følge HER.
Annonse