Annonse
11. juli 2018
Grilla asparges med spekeskinke
Heisann!
Idag har eg eit supergodt grillmat-tilbehør-tips til dåkke: grilla asparges med spekeskinke♥ Dette har eg laga utrulig mykje dei siste åra, men i år har eg gløymt det litt vekk, heilt fram til forrige veke. No blir det grilla asparges med spekeskinke til kvart einaste grillmåltid framover – haha 😉
Grilla asparges med spekeskinke er en enkel, smakfull smårett. Server som tilbehør til grillmaten, eller eventuelt en liten forrett til grillmåltidet. Det er raskt og enkelt å lage til, og er garantert ein slager rundt bordet. Beregn 1-2 stk doble asparges per person:
Grilla asparges med spekeskinke, tilbehør til 3 eller 6 personer
12 stk asparges
6 store skiver spekeskinke
Slik gjer du:
Skyll aspargesen. Hold rundt aspargesen heilt nede med eine handa og under toppen med den andre. Bøy aspargesen til den knekk naturlig, kast den nederste delen.
Surr ei skive spekeskinke rundt to stk asparges. Du kan evt. pensle med litt olje om du ønsker det.
Grill på medium-sterk varme til spekeskinka er stekt og sprø, og aspargesen har fått litt farge. Server straks.
Tips: du kan fint grille asparges med spekeskinke på engangsgrill. Om du vil grille på stranda eller båttur for eksempel, lag klar aspargesen heime og oppbevar i en boks, så er den klar til å leggast på grillen.
Asparges med spekeskinke pleier eg også å lage til på koldtbord/tapasbord – då setter eg rett og slett grillfunksjon eller varmluft på ovnen og steiker aspargesen på samme måte: til spekeskinka er stekt og sprø, og aspargesen har fått litt farge. Nydelig!
Annonse
6 Kommentarer
GP
12. juli 2018
Linda Stuhaug
12. juli 2018
Ellinor
12. juli 2018
Linda Stuhaug
12. juli 2018
Julie
11. juli 2018
Linda Stuhaug
11. juli 2018
SKRIV EN KOMMENTAR