Annonse
13. mai 2019
Grov middagspai med søtpotet & mozzarella
God mandag!
Kan eg friste med middagspai idag? Med grov paibunn, søtpotet og mozzarella? Denne paien vart skikkelig god, og den passer perfekt som ein kjøttfri middag for heile familien 🙂 Middagspai passer like godt kvardag som helg, og med nokre enkle grep kan du klargjere paien kvelden i forvegen, slik at det kun gjenstår steiking før servering. Og har du rester igjen, så smaker paien like godt (om ikkje bedre!) kald i matpakken dagen etterpå… Nam!
Grov paibunn
75 g smør, romtemperert
75 g original kesam
1,5 dl sikta speltmjøl eller kveitemjøl
1,5 dl havremjøl
1/2 ts salt
Paifyll
250 g søtpotet, i biter
1 spisspaprika, i ringer
1/2 rødløk, i skiver
1 mozzarella, i skiver
Eggeblanding
7-8 egg
2 dl melk
2 never fersk spinet, grovhakka
salt, pepper og grovkverna chili
Slik gjer du
1. Sett ovnen på 180 grader over- og undervarme. Kna saman ingrediensane til paibunnen til ein jamn paideig. Kjevle deiga ut og legg i paiform med diameter på ca. 28 cm. Trykk deiga jamt ned i forma og oppover kantane. Prikk bunnen med ein gaffel og forsteik den midt i ovnen i 15 minutt.
2. I mellomtida klargjer du fyllet og visper sammen eggeblandinga. Når paibunnen er ferdig forstekt; ha søtpotetbitane i paibunnen, halvparten av paprikaen og halvparten av mozzarellaen. Hell over eggeblandinga og avslutt med resten av paprikaen, rødløk og til slutt mozzarella.
3. Sett paien tilbake i steikeovnen, steik i ca. 25-30 minutt, eller til eggeblandinga har satt seg. La paien kvile nokre minutt før servering. Nyt gjerne med en frisk salat 🙂
Tips & alternativer*
♦ Må du ha glutenfri bunn? Bruk gjerne lyst bokkveitemjøl framfor spelt/kveitemjøl, og hugs glutenfritt havremjøl (du kan male havregryn til havremjøl i en blendar sjølv).
♦ For melkefri paibunn kan smør byttast med melkefri margarin og kesam med kokoskrem. I paifyllet kan du bruke alternativ melk og sløyfe mozzarella, eventuelt bytte med noko anna som gir god smak.
Dette er ein fin-fin middag du kan klargjere kvelden i forvegen, slik at det kun gjenstår steiking av paien før servering:
→ Lag og forsteik bunnen
→ Gjer klare ingrediensane og visp eggeblandinga i en bolle
→ Ha alt i kjøleskapet over natta
→ Ved middagstid; ha ingrediensane i paibunnen og steik dei 25-30 minutta, så er paien klar til servering!
Så godt! Håper fleire er frista til å prøve 😀
Ønsker alle en fin start på den nye veka!
Annonse
16 Kommentarer
Øystein
20. september 2019

Linda Stuhaug
20. september 2019
Ellinor
31. oktober 2021

Linda Stuhaug
1. november 2021
Marilyn
3. juni 2019

Linda Stuhaug
4. juni 2019
Cecilie
24. mai 2019

Linda Stuhaug
24. mai 2019
Veronica Henriksen
21. mai 2019

Linda Stuhaug
22. mai 2019
Maria
14. mai 2019

Linda Stuhaug
15. mai 2019
Camilla
1. februar 2020

Linda Stuhaug
2. februar 2020
Mari Jørgine
8. juni 2020

Linda Stuhaug
8. juni 2020
SKRIV EN KOMMENTAR