Annonse
20. august 2018
Grove, saftige scones med ost og urter
Åh, dette er virkelig det ultimate suppebrødet altså! Eller, suppescones for å vere korrekt. Halvgrove, skikkelig saftige scones med innbakt ost og ferske urter. Høyres det ikkje godt ut?
Godt var det iallefall♥ No som vi går mot hausten og med meir suppe på menyen, så er det perfekt med nokon litt ekstra smakfulle scones som tilbehør. Men dei kan sjølvsagt etast både med og uten pålegg til frukost, du kan ha dei med i matpakken eller som turmat også. Eller kanskje som brød til koldtbordet eller tapasbordet?
Du trenger, 2 mellomstore scones
♦ 1 boks, 300 g original kesam
♦ 1 dl melk
♦ 175 g havremjøl
♦ 175 g sikta speltmjøl eller kveitemjøl
♦ 1 toppa ss bakepulver
♦ 1/2 ts salt
–
♦ 2-3 ss valgfri urter, finhakka
♦ 1-2 silker vårløk, hakka
♦ 125 g revet ost
Slik gjer du:
Sett ovnen på 175 grader, over-undervarme. Bland saman kesam, melk, bakepulver og salt, deretter havremjøl og speltmjøl/kveitemjøl. La deiga kvile 10 minutt.
Kna inn urter, vårløk og ost (spar litt ost til toppen!). Deiga vil vere litt klissette, så bruk litt mjøl på benken og hell deiga over. Del deiga på to og bruk litt ekstra mjøl på hendene til å forme to flate scones. Snitt sconesene med en skarp kniv i 4, 6 eller 8 biter.
Ha over resten av osten på toppen. Eg hadde også over litt grovkverna chili. Steik midt i ovnen i ca. 20 minutt, eller sconesene er gylne (også på undersida) og osten godt smelta. Avkjøl på rist.
Tips og alternativer
♦ Urtene og vårløk kan utelukkast i oppskrifta, eller du kan bruke andre krydder/tørka urter for god smak.
♦ Kesam kan byttast med anna meieriprodukt som rømme eller creme fraiche.
♦ Sconesene er definitivt best samme dagen, men held seg saftige eit par dager. Kan fint frysast!
Eg skal definitivt lage desse igjen… Vertfall lignande. Eg har gjort meg opp mange tanker om fleire ingredienser som hadde passa utmerket som smakstilsetning. Kvitløk, chili, soltørka tomat, pesto, ost med enda meir smak (cheddar for eksempel)… Kanskje du vil prøve deg fram med ein vri? 🙂
Eg snitta sconesene i fire før steiking, men synes bitane vart litt for store – så eg delte kvar scone i åtte biter ved servering. Det gav totalt 16 biter, nok som tilbehør til minst 5-6 personer 🙂
Prøv du også – eg kan nesten garantere at dei faller i smak! NAM 🙂
Nyt mandagen, godtfolk!
Idag mottar eg nøkler på mitt nye kontor, så det er spennande tider i vente. Eg skal fortelle meir når alle brikkene er på plass 🙂
Annonse
21 Kommentarer
Marte Andersen
19. februar 2019

Linda Stuhaug
20. februar 2019
Grete
11. februar 2019

Linda Stuhaug
12. februar 2019
Laila Nordli
15. januar 2019

Linda Stuhaug
15. januar 2019
Gry
23. september 2018

Linda Stuhaug
23. september 2018
Wenche
6. september 2018

Linda Stuhaug
6. september 2018
Line
6. september 2018

Linda Stuhaug
6. september 2018
Astrid
22. august 2018

Linda Stuhaug
23. august 2018
Mina
22. august 2018

Linda Stuhaug
23. august 2018
Camilla
21. august 2018

Linda Stuhaug
21. august 2018
Malene
20. august 2018

Linda Stuhaug
20. august 2018
SKRIV EN KOMMENTAR