Annonse
27. juni 2022
Krema pastasalat med laks
Krema pastasalat med laks er en lettvint, rask og skikkelig god sommarmiddag/sommarlunsj🤩 Ferdig på 15-20 minutt fra eg starta!
Dette smakfulle måltidet blei eit matredder/restemåltid med det eg fant heime i kjøleskap og frysar, men det blei knallgodt - og eg har laga det samme fleire ganger i ettertid♥︎ Bruk det du har av frukt/grønnsaker og kjøtt/fisk/vegetar på toppen!
Her ser du kva eg brukte:
Til den krema pastasalaten:
• 200 g fullkornspasta
• 1 bunt vårløk
• 1 spisspaprika
• litt crispysalat
• litt granateplekjerner
• 1/2 pk lilla druer
• 1 boks mais
-
• 1 beger, 300 g Kesam
• 100-150 g majones
• salt og pepper
Framgangsmåte:
1. Kok pastaen etter anvisning på pakken, ha over i ei sil og avkjøl under rennande, kaldt vatn.
2. Kutt ingrediensane til salaten og bland sammen ingrediensane til dressingen, smak til med salt og pepper.
3. Bland ihop salaten, pastaen og dressingen.
Server med stekt laks på toppen - eventuelt varmrøykt laks som eg har brukt♥︎ Eller noke heilt anna som du har heime!
Det var ikkje mykje rester igjen, men en liten slant var det - og det tar vi som alltid vare på. Kaster ikkje rester uansett kor lite det er snakk om! Og Rocky er alltid optimistisk😉
Håpe det frister!
Annonse
SKRIV EN KOMMENTAR