
Hei alle! Dette er ein klassisk middag eg har delt i lignande varianter før, men gode tips kan ikkje delast ofte nok tenker eg😉 Eg hadde nemlig risrester i kjøleskapet idag, og då pleier eg å slenge sammen ein alt-i-ett middagspanne med det eg har av grønnsaker, noko kjøtt og saus av kokosmelk/creme fraiche og soyasaus. Det blir skikkelig smakfullt og godt, og det er ein super måte å bruke opp både risrester, men og evt slappe grønnsaker i kjøleskapet! Idag blei det en variant med matredda kjøttdeig, slappe gulrøtter, matredda brokkoli og som sagt risrester. Men du må såklart bruke dei grønnsakene du liker og har heime!

Som medlem får du full tilgang til alle oppskrifter, reklamefri side og støtter arbeidet med å lage kvalitetsinnhold 🌸