
God tirsdag! No er det ikkje så lenge sida eg delte innlegget «Mi beste oppskrift på sunnare og grov paibunn!» som eg fekk veldig mykje god respons på 🙂 Det har blitt laga mange gode middagspaier i heimane dåkkas dei siste vekene, og det har det hos meg også! Eg blei frista av mitt eget blogginnlegg samme dag som publisering og lagde derfor ein grov middagspai med ost & skinke til middag: Ein veldig enkel, god og familievennlig variant av middagspaien – ost & skinke er jo ein klassikar hos dei yngre 🙂 TIPS! Paibunnen kan du lage klar dagen i forveien og oppbevare i kjøleskapet om du ønsker det! Du kan også lage den på forhånd og ha i frysaren 🙂 Visst paibunnen er klar er resten fort gjort; då er det berre å kutte ingrediensane og fylle i bunnen mens ovnen varmer seg opp. Visst du vil gjere det enda enklare til middagstid kan du kutte alle ingrediensane på forhånd, vispe sammen eggeblandinga og raspe osten – så er det berre å ha dette i paibunnen og sette den i ovnen. Og har du rester igjen – så er middagspaien like god kald i matpakken dagen etterpå! Restemiddag er heller ingen dum idè 🙂 Håper det ser fristande ut, og at dåkke alle får en bra tirsdag♥