Halloumisalat med bakte rødbeter & honningrista pecannøtter

God mandag! Mandager er som alltid kjøttfri her på bloggen, og idag serverer eg ein nyyydelig halloumisalat til dåkke! Eg har laga den med bakte rødbeter, mango, diverse andre grønnsaker og ikkje minst: honningrista pecannøtter. Ein skikkelig god kombinasjon♥ Halloumisalaten passer like godt til lunsj som middag, alt etter kva ein foretrekker. Server gjerne med godt brød om ønskelig, eller gjer som sambuaren min gjorde: pakk ingrediensane inn i grove wraps 🙂 For dei som ikkje er kjent med halloumi: halloumi er ein type ferskost med fast konsistens, som kan steikast på samme måte som eit stykke kjøtt. Den kan ikkje sammenlignast med nokon anna type ost, og har ein heilt særegen smak og konsistens. Den passer perfekt å bruke i salater, i burger, i wraps m. m, og den er å få tak i på dei aller, aller fleste dagligvarebutikker (visst ikkje er det berre å spørre om butikken kan ta det inn).