LINDASTUHAUG

1450+ oppskrifter for 399,- i året 🤍

Kjøp her
Oppdatert for 7 måneder siden|Frokost og lunsj

Heimelaga sylta rødløk – raskt og enkelt!

1 stk
Lett
Heimelaga sylta rødløk – raskt og enkelt!

Har du smakt sylta rødløk før? Det er så vanvittig godt, og passer som tilbehør til utrulig mykje! Heilt sidan eg lagde sylta rødløk for første gang for mange år sidan, så har eg periodevis hatt veldig dilla på det. Dei siste månedane har eg hatt ein slik periode igjen. Eg lager opp eit stort glass og har det ståande i kjøleskapet, så bruker eg den sylta rødløken der det passer 🙂 Og det beste med sylta rødløk er at du kun trenger 3 ingredienser, det er veldig enkelt å lage og tar ikkje meir enn nokon minutter! Det du rett og slett trenger er eddik, sukker og rødløk (+ vatn). Eg har alltid laga ein 1-2-3 syltelake som eg synes blir veldig god, og det er rett og slett 1 del eddik, 2 deler sukker og 3 deler vatn. Har du denne regelen i bakhode kan du justere mengdene etter kor mykje du vil lage 🙂 Denne laken bruker eg også om eg skal sylte rødbeter, agurk eller andre grønnsaker.