LINDASTUHAUG

1450+ oppskrifter for 399,- i året 🤍

Kjøp her
Oppdatert for 7 måneder siden|Matredding

Middagsomelett (resteomelett) med potet, bacon og baconost

3 porsjoner
Lett
Middagsomelett (resteomelett) med potet, bacon og baconost

Omelett synes eg faktisk er heilt genialt. Ikkje berre er det raskt og enkelt å lage, det er og noko som passer like godt til frukost som lunsj, middag eller luksus kveldsmat – alt etter kva ingredienser ein bruker, og kva tilbehør ein har. Det er og ein super måte å bruke opp diverse rester på, og ikkje minst nokon slappe grønnsaker… For ei stund tilbake lagde eg ein omelett som eg synes passa ekstra godt til middag – middagsomelett. Ein skikkelig resteomelett aka matredderomelett og faktisk! I denne bruke eg desse resteingrediensane/matredderingrediensane: → Kokte poteter fra middagen dagen før → En skrukken og slapp paprika → Egg som eg redda på 40% datosalg → Bacon som eg redda på 40% datosalg → Baconost som hadde låge evig lenge i kjøleskapet→En brokkolistilk som eg liker å «gøyme» inn i slike middager Men, her bruker du akkurat det DU har i ditt kjøleskap! Alt passer i ein omelett♥ Du kan og tilsette kesam/rømme/kremfløyte o. l i eggeblandinga visst du har nokon smårester igjen av det, eller kanskje noko som har gått ut på dato 🙂