Annonse
19. september 2018
Slik lager du heimelaga lasagne med lomper – LOMPELASAGNE!
Det er onsdag og lillelørdag!
Og eg synes absolutt det er på sin rette plass med en reprise på en av bloggens aller mest populære oppskrifter gjennom åra; heimelaga lasagne med lomper. Det er faktisk 4,5 år sidan denne oppskrifta først blei publisert HER, og det blei raskt en favoritt i heile landet. Totalt sett har eg fått tusenvis av tilbakemeldinger på denne oppskrifta, så og sei berre positivt – og det er skikkelig stas!
Så kva er egentlig greia med lompelasagne?
Jo, greia er at du bruker lomper istedenfor pastaplater. Det er ikkje noko enormt stort hokus-pokus, men…
1) Lasagnen treng ikkje steike meir enn 15-20 minutt, til osten er godt smelta, ettersom det ikkje er brukt pastaplater som treng lang tid for å bli gjennomstekt.
2) Det er ein heimelaga lasagnevariant med kjøttsaus fra bunnen av. I tillegg bruker eg cottage cheese istedenfor kvit saus, og lomper er også hakket sunnare enn lasagneplater – så alt i alt en lasagne som er meir næringsrik og sunnare enn den tradisjonelle varianten fra bunnen av eller Toro.
3) Lomper er genialt. Lomper er livet! Kvifor ikkje bruke lomper når det funker så bra, liksom? No er eg over gjennomsnittet begeistra for lomper, då. Det veit dåkke jo… Men eg har lyst at enda fleire skal få sansen for lomper, for det er så innimari anvendelig!
Til informasjon kan du bruke akkurat dei lompene du liker og foretrekker. Eg bruker alltid Buer sine potetlomper, speltlomper eller eventuelt heimelaga lomper som eg ofte har liggande i frysaren. Oppskrift på heimelaga lomper finner du HER!
Desse lompene kan du også lage glutenfri dersom du må det, og dermed glutenfri lasagne 🙂 Lag opp massevis og legg i frysaren♥
Heimelaga lompelasagne, 3-4 personer
400 g karbonadedeig
400 g hakka tomater
2-3 ss tomatpurè
1 løk
2 fedd kvitløk
½ chili
Krydder: oregano, paprikakrydder, salt og pepper (evt andre krydder du liker)
250-400 g cottage cheese
6-8 lomper
revet ost
Slik gjer du:
1. Sett steikeovnen på 180 grader over- og undervarme. Steik karbonadedeig med hakka løk, finhakka kvitløk og chili. Tilsett hakka tomatar og tomatpuré, la det småkoke til ein tjukk og fyldig kjøttsaus. Smak til med godt med krydder (viktig!).
2. Ha kjøttsaus i bunnen av ei ildfast form. Størrelsen er opp til deg, jo mindre form, jo høgare lasagne.
3. Legg lagvis med kjøttsaus, lomper og cottage cheese i 2–4 lag før du avsluttar med kjøttsaus og topper med ost.
4. Steik midt i ovnen i ca. 15-20 minutt, til osten er smelta og gyllen. Bruk gjerne grillfunksjon dei siste minutta. La lasagnen kvile i 5 minutt før servering. PS! Ønsker du å redusere steiketida kan du bruke varmluft.
Tips og alternativer!
♦ Tilsett gjerne litt ekstra grønnsaker eller urter i kjøttsausen. Eg pleier å bruke fersk spinat og oregano om eg har det tilgjengelig.
♦ Er du ikkje så glad i klumpane i cottage cheesen? Mos den klumpfri med en stavmikser og tilsett en skvett melk om nødvendig. Du kan gjerne smakstilsette cottage cheesen med litt salt, pepper og muskat også.
♦ Ellers: spørr om du lurer på noko!
Server lasagnen med en frisk salat og gjerne litt fetaost. En klatt med kesam eller rømme er også på sin rette plass 🙂
Som de sikkert veit er det heilt gull med rester av lasagne. Lasagne smaker bedre dagen etterpå – også denne. Det er også heilt genialt å fryse ned lasagne, enten i form eller porsjoner – så har du en sunn og kjapp middag seinare 🙂
Lompelasagnen har også fått en hedersplass i den fine boka mi♥ Har du enda ikkje fått kjøpt denne, så kan du bestille den HER.Maks rabatt og fri frakt ved bestilling (egenreklame!). Ellers er boka også å finne i dei fleste bokhandlere – du kan også spørre om dei kan ta den inn dersom dei ikkje har den 🙂
Så, er du frista til å prøve ut lasagne med lomper? Eller kanskje du er ein av dei som har hatt denne som favoritt tidligare, og fekk en påminnelse om å lage den igjen? Uansett, så håper eg det frister, og at fleire har lyst å prøve♥
Som de veit blir eg veldig glad for tilbakemeldinger også, så legg gjerne igjen en kommentar om de prøver, det er stas!
Annonse
36 Kommentarer
Siri Nodeland
2. juli 2020
Linda Stuhaug
2. juli 2020
Kristin
2. november 2018
Linda Stuhaug
3. november 2018
Ida
8. februar 2022
Linda Stuhaug
9. februar 2022
Ingrid
5. januar 2020
Linda Stuhaug
6. januar 2020
Berit Nygård
22. juli 2022
Linda Stuhaug
23. juli 2022
Anita
23. januar 2024
Linda Stuhaug
24. januar 2024
Lisa Malen
29. mars 2023
Linda Stuhaug
30. mars 2023
Marlin
24. september 2018
Linda Stuhaug
25. september 2018
Ragnhild
23. september 2018
Linda Stuhaug
24. september 2018
Rebekka
20. september 2018
Linda Stuhaug
22. september 2018
Birgitte
20. september 2018
Linda Stuhaug
22. september 2018
Kristin
19. september 2018
Linda Stuhaug
20. september 2018
Siri
19. september 2018
Linda Stuhaug
20. september 2018
Siri
19. september 2018
Elida
19. september 2018
Linda Stuhaug
20. september 2018
Elin
19. september 2018
Ingrid
19. september 2018
Linda Stuhaug
20. september 2018
Stine
5. januar 2021
Linda Stuhaug
6. januar 2021
Lise
13. desember 2020
Linda Stuhaug
14. desember 2020
SKRIV EN KOMMENTAR