Annonse
3. august 2017
Enkel speltfocaccia
Hei!
Tidligare i veka lagde eg en enkel speltfocaccia. Eg har lenge tenkt på det, og kvifor eg ikkje har gjort det tidligere veit eg ikkje… det var jo så enkelt!
Focacciaen blei skikkelig luftig, saftig og god med lett sprø overflate – akkurat slik det skal vere etter mi meining. Prøv den du og!
Enkel speltfocaccia, 1 liten langpanne
500 g fint speltmjøl.
1/2 pk tørrgjær
1 ts salt
1 ss flytende honning
4 dl lunka vatn
2 ss olivenolje
Topping:
2-4 ss olivenolje
Fetaost
Soltørka tomat
Fersk eller tørket rosmarin
Havsalt eller maldonsalt
* kan og bruke kveitemjøl. Eg bytta ut 50 g speltmjøl med fiberfin for å få eit litt meir fiberrikt focacciabrød.
Slik gjer du:
Bland saman speltmel og tørrgjær, sikt det over i en bolle. Tilsett salt, honning og vatn, bland godt til en jevn og litt flytande deig. Vend inn olje til slutt. La deiga heve på en lun plass i 60 minutter.
Hell deiga over i en liten langpanne. Etterhev i 20-30 minutter. Fordel olje på toppen og trykk fingrene lett ned i deigen. Strø over fetaost og soltørket tomat i mindre biter, avslutt med rosmarin og salt.
Steik focacciaen på 225 grader, over-undervarme i 15-20 minutter, eller til overflaten er gyllen og sprø. Avkjøl litt før servering.
Tips!
Dette er en relativt nøytral focaccia. Mange liker å bruke soltørka tomat/oliven og lignande i deiga – gjer gjerne det!
Ellers kan toppingen også varieres etter smak og behag. Eg brukte det eg hadde tilgjengelig, som var soltørka tomat og fetaost. Piff opp focacciaen med det du liker!
Skjær opp i passelige biter og server til suppe, salat, koldtbord, tapasbord, grillmaten eller der det måtte passe.
Focacciaen kan fint fryses. Då anbefaler eg å tine den langsomt, deretter varme den litt i ovnen før servering. Då blir den nesten som nybakt 😉
Håper det frister!
I helga var eg i bursdag og smakte en nydelig focaccia som fikk meg til å lage min egen. Det var uliek varianter, der begge var piffa opp med spenstig fyll som salami, ulike urter, fetaost, kvitløk, kremost og lignande. Eg skal definitivt prøve meg på litt spenstigare varianter etterkvart, no er jo grunnoppskrifta på plass og det er berre å eksprimentere 🙂
Del gjerne focacciatips! Kva liker du å bruke for å gjere focacciaen ekstra god?
Annonse
18 Kommentarer
Siv
6. januar 2019
Linda Stuhaug
7. januar 2019
Hedda
25. juni 2020
Linda Stuhaug
25. juni 2020
Ingunn Pettersen
30. mai 2019
Linda Stuhaug
31. mai 2019
Henriette
11. januar 2023
Linda Stuhaug
11. januar 2023
Tina
18. mars 2022
Linda Stuhaug
18. mars 2022
Tina
19. mars 2022
Linda Stuhaug
19. mars 2022
Malin
2. mai 2018
Linda Stuhaug
2. mai 2018
Inger
17. mai 2020
Linda Stuhaug
17. mai 2020
Oddfrid
9. april 2022
Linda Stuhaug
10. april 2022
SKRIV EN KOMMENTAR