Saftige, grove pestosnurrer

God mandag! For eit par veker sidan lagde eg klassisk gjærdeig (altså ikkje eltefri) for første gang på over eit år. Eg har aldri vert noko glad i gjærdeiger – verken å bake eller ete – så derfor blir det ganske så sjelden at eg setter i gang med gjærdeig og eltemaskin på kjøkkenet. Men, dette er svært etterspurte oppskrifter på bloggen, så eg fant ut det var på tide å diske opp med ein klassisk gjærdeig-oppskrift på her igjen 🙂 Dagens oppskrift er altså saftige, grove pestosnurrer. Desse er fylt med pesto og ost, og passer til det meste: i matpakken, som turmat, som tilbehør til suppe eller salat, på tapasbordet eller koldtbordet, som (vegetar)middag med litt salat som tilbehør eller egentlig til kva som helst. Lag gjerne dobbel porsjon og nyt nokon mens dei er nystekte, i matpakken utover veka eller frys ned. Dei egner seg nemlig godt til frysing og er supre å varme litt i ovnen eller mikroen, så smaker dei som nystekte! Oppskrifta på gjærdeiga har eg delt på bloggen før, og er også å finne i nyaste kokeboka mi. Deiga er veldig enkel å jobbe med, hever fint og verken klisser eller klebrer. Denne har eg fått ekstremt mange gode tilbakemeldinger på!